Kjell Harald Lunde
Frilansjournalist. Forfattar av biografien om motstandshelten Fredrik Kayser (Sabotøren)
kjellharaldlunde@gmail.com
Oppsiktvekkjande dokumentasjon:
Telavåg-tragedien, resultat av britisk agent som medviten tipsa Gestapo
I 1942 vart den norske motstandsrørsla og norske lokalsamfunn hardt råka. Mange liv gjekk tapt. Verst gjekk det utover Telavåg-samfunnet vest for Bergen. Den ålmenne oppfatninga har vore at det skuldast amatørmessig motstandsarbeid, lausmunna folkesnakk og ein lokale angivar. Dette er feil. Det som hende var eit resultatet av eit omfattande, topphemmeleg narrespel frå den britiske krigsleiinga. Medviten tysting frå britisk hald til Gestapo var ein lekk i narrespelet. Dette er ny og oppsiktvekkjande dokumentasjon som Hanne Sophie Greve legg fram i boka: Villedet. 1942: Den allierte invasjonen som uteble.
Målet med narrespelet var å overtyda tyskarane at ein alliert invasjon i Norge var nært føreståande i 1942. Berre få nøkkelpersonar i den britiske krigsleiinga visste at invasjonen aldri skulle gjennomførast. Den norske eksilregjeringa og forsvarsleiinga var heilt uvitande om narrespelet.
Omfattande og nøye tilpassa tiltak vart sette i verk, mellom anna trening av mannskap og tildeling av materiell og utstyr i Storbritannia - og oppbygging av våpenlager og organisering av motstandsgrupper i Norge. Men det mest drastiske tiltaket var dette: For å overtyda tyskarane om at noko verkeleg var på gang, sende den britiske krigsleiinga over agentar som tysta til Gestapo om førebuingane på norsk jord. Våpenlager, våpentransportar og motstandsgrupper vart røpa. Det var ein britisk-utsendt agent som tysta Gestapo om motstands-aktivitetane i Telavåg. Angiveriet førte til dei mest grufulle represaliane som den tyske okkupasjonsmakta sto bak på norsk jord.
Telavåg-tystaren
Kven gav Gestapo leietrådane som førte til opprullingane i Telavåg? Hanne Sophie Greve dokumenter at alle spor peikar mot Torbjørn Gützler Gulbrandsen. Det var den britiske krigsleiinga som gav han oppdraget.
Gestapo skulle koma til å sjå på Torbjørn Gützler Gulbrandsen som ein nyttig informant. For å unngå at mistanke skulle rettast mot Gulbrandsen, vart han på påfallande vis arrestert av Gestapo like etterpå. Kort tid seinare var han likefullt tilbake i England. Gulbrandsen fortalde alle som ville høyra at han hadde rømd frå tysk fangenskap på dramatisk vis. Sanninga er at Gestapo let han gå. I England gjorde krigsleiinga stor stas på Gulbrandsen for utført oppdrag.
Avsløringa av Guldbrandsen tek ei bør bort for Telavåg-folket. Hans rolle gir svaret på det som har vore ei uforståeleg gåte i alle år: Korleis kunne tyskarane vita så mykje om motstandsaktivitetane i Telavåg allereie før arrestasjonane og avhøyra?
Det har tatt Hanne Sophie Greve mange år å dokumentera det britiske narrespelet. Greve har erfart at dei som hadde kunnskap, har vald å teia eller iallfall vore med og fordreia sanninga. Arkiva om narrespelet har store manglar. Og Greve har hatt vanskar med å få innsyn i det vesle som finst.
Hanne Sophie Greve er jurist, lagmann dr. juris og tidlegare dommar i Den europeiske menneskerettsdomstol. Ho har i over 40 år vore engasjert i arbeid med menneskerettar og krigens folkerett.
Telavåg-tragedien
Tidleg sundag morgon den 26. april 1942 gjekk tyskarane til stor-aksjon i Telavåg. Det første dei gjorde, var å storma huset til Martha og Lauritz Telle. På lemmen låg to Linge-karar og sov. Det kom til heftig skotveksling. To høgtståande Gestapo-offiserar - og den eine Linge-soldaten - vart drepne.
Josef Terboven gav ordre om omsynslaus hemn. Han tok sjølv kommandoen. Alle innbyggjarane vart brutalt fordrivne. Mange vart arresterte og ille mishandla. 32 menn skulle mista livet i tysk fangenskap. Kvinner, barn og gamle vart forviste og hamna etter kvart på Framnes ungdomsskule i Hardanger. Tyskarane plyndra og brende alle bygningar. All reiskap vart øydelagd. Buskap vart slakta. Båtane vart ribba og søkkte. Eit heilt samfunn lagt i grus.
Samstundes med at dei to drepne Gestapo-offiserane vart gravlagde i Bergen, vart 18 tilfeldige norske fangar avretta på Trandum som ein del av hemnaksjonen.
Det britisk-regisserte narrespelet førte også til andre, katastrofale opprullingar på norsk jord, mellom anna Majavatn-tragedien i Nordland og avsløringa av Laudal-organisasjon på Sørlandet.
Kvifor narrespelet?
21. juni 1941 sette Hitler i verk Operasjon Barbarossa, eit uventa og massivt åtak på Sovjetunionen. Sovjetarane vart overkøyrde av dei tyske styrkane. Okkupasjonsmakta for ille fram både på slagmarka og mot sivile. Ein hardt pressa Josef Stalin vende seg mot vest. Han både kravde og bønfall dei allierte om straks å setja i verk ein 2. front i Ves-Europa for å avlasta presset på slagmarkene i aust.
Det var i høgste grad i dei allierte si interesse at sovjetarane kunne stå imot det tyske åtaket. Det Winston Churchill og dei allierte frykta, var at Stalin i rein desperasjon bad om separatfred med Hitler. Ein ny front i vest ville tvillaust gagna krigens gang. Men dei allierte hadde verken mannskap, våpen, flykraft eller fartøy til å gjennomføra ein landgang og oppretta ein 2. front på det europiske kontinentet i 1941,1942 eller 1943. Den britiske krigsleiinga var sørgjeleg klar over at ein D-dag låg langt fram i tid.
Men Hanne Sophie Grev syner til at dei allierte var vel kjende med at Adolf Hitler vurderte okkupasjonen av Norge som strategisk viktig. Det var mot dette bakteppet at dei allierte pønska ut mottrekket – narrespelet: Å overtyda Hitlar om at ein alliert invasjon ville koma i Norge i 1942.
Let seg «forleda»
Narrespelet lukkast. Okkupasjonsmakta gjorde drastiske mottiltak. Hitler hadde alt i 1941 uforholdsmessig store styrkar i Norge. Utover vinteren 1942 auka han den tyske beredskapen i Norge monaleg. Ytterleg 50 000 soldatar, dessutan fly, tungt artilleri og mesteparten av krigsmarinen vart sende nordover. I juni 1942 sto 250 000 soldatar under tysk kommando i Norge. Dette var ressursar som Hitler hadde hatt bruk for på austfronten.
At tyskarane aktivt vart gjorde kjende med førebuing til invasjon, gjorde at tyskarane batt store ressursar i Norge. Den britiske krigsleiinga oppnådde det som var målet med narrespelet: Å redusera Hitlar sin slagkraft på austfronten. Det var avgjerande for å nå det endelege målet: Å vinna krigen!
Dei norske offera var store. Men dei skadelidande visste ikkje at dei var brikker i eit hemmeleg, britisk narrespel.
Kva som hende er gamal kunnskap. Det nye er at Hanne Sophie Greve avslører kvifor det hende. Kapitelet i krigshistoria om kvifor må skrivast om.
Det er nærliggjande å spørja om liv og helse vart ofra forgjeves og var dei materielle tapa bortkasta. Hanne Sophie Greve svarer nei: De avdødes og deres pårørendes innsats og offer på villedningsfronten tjente intet mindre enn gjenoppbyggingen av vår sivilisasjon og vårt moralske univers.
Gjengitt med Kjell Harald Lundes tillatelse